Denne nettsiden siden har flyttet til Norskeinteriorblogger.no

torsdag 20. mai 2010

DIY

Det har snart gått ett år siden jeg lagde mitt første innlegg og startet å blogge. I løpet av året har jeg funnet inspirasjon hos så mange av dere. Små og store prosjekter har blitt til etter tips og ideer hentet fra dette store, fine fellesskapet vi kaller blogglandia. En av de jeg ofte søker til når inspirasjonen er på bunn er Den gode feen. Linda, multikunstneren, forbinder jeg med retro stoffer, glade farger og fikse ideer. Lindas sømferdigheter har jeg lenge beundret og derfor suger jeg til meg alt hun lærer bort om å sy fine puter. Takk for at du deler Linda.

"Eg har fått ein hyggeleg forespørsel frå NIB om eg kunne tenke meg å vise fram korleis eg syr puter. Og sjølvsagt kan eg vise det. Prosjektet måtte vere såpassa enkelt at alle skal klare det, og derfor har eg valgt ei pute med parallelle stoffstrimler av ulik breidde.
Når du skal sy, så treng du ikkje ha eit flott syrom eller profft utstyr. Du kjem langt med ei god saks, eit strykebrett og strykejern, og sjølvsagt ei symaskin. Eg har rigga meg til i stova for anledningen, med mobilen og vannglasset lett tilgjengeleg ;)

Mitt putetrekk skal passe til ei innerpute som er 50 x 50 cm, og eg klipper derfor til stoffstrimler som er ca 55 cm lange og med ulik breidde.

Eg startar å sy trekket ved å legge to av stoffremsene oppå kvarandre, rette mot rette, og sy langs den 55 cm lange kanten. Eg har ein saum på mi symaskin som kastar over og syr rettsaum samtidig (sjå bilde). Dersom du ikkje har slik saum på di maskin, syr du først ein vanleg rettsaum , og så sikksakkar du over til slutt (det er viktig at ikkje putetrekket raknar). Stryk saumen du sydde glatt og fin, legg ei ny stoffremse rette mot rette, og fortset slik til du har sydd saman eit stykke som er ca 55-60 cm breidt.


Dersom du syr av gjenbruksstoff, så er det innimellom hull og kanskje flekker som ikkje har gått av i vask. Som de ser på bildet er det to "hakk i det lysegrønne stoffet mitt. Dette skjuler eg ved å sy på ein firkanta stoffbit. Du kan også sy på ein bokstav, eit hjerte eller eit strykemerke. Berre fantasien set
grenser her :)

Som de ser har eg valgt eit lyseblått stoff til venstre, eit lysegrønt i midten og eit med mørkeblå bakgrunn til høgre. For å balansere fargane litt, fester eg heilt til slutt på eit band med mørkeblå farge over saumen mellom det lyseblå og det lysegrønne stoffet, og syr det fast med rettsaum.

Heilt til slutt klipper/skjærer du kantane rundt framsida av putetrekket til, slik at det er ca 52 x 52 cm. Bakstykket kan syast på mange måtar, og eg pleier som oftast sy konvoluttåpning.


Då klipper eg til to stoffstykker som er ca 55 x 40 cm, og syr inn den eine langssida som er 55 cm lang på begge stykkene.

Legg så fronten på putetrekket med rettsida vendt mot deg, legg på eine delen av bakstykket med rettsida ned (rette mot rette) med den sydde kanten inn mot midten/nedover. Fest eit par knappenåler på slik at det ikkje forskyver seg.

Så tar du det andre bakstykket og legg dette på med rettsida ned, og med den sydde saumen inn mot midten/oppover. Fest godt med knappenåler. Reinskjær kantane på bakstykkene slik at dei vert like store som framstykket og sy rundt heile ytterkanten av putetrekket.

For å forhindre at saumen raknar, pleier eg sy fleire gonger fram og tilbake over dei innsydde kantane på bakstykkene (sjå bilde). Det er nemleg her putetrekket åpnast og lukkast, og med forsterka saum her, hindrer du at det rakner når du stapper inn ei tjukk pute.

Vreng så putetrekket, stryk over det, stapp inn innerputa og vips har du ei ny pute å pynte med :)

Då håpar eg at eg har fått delt ut litt inspirasjon. Lukka til, og spør gjerne om noko er usikkert.
Venleg helsing Linda"

Besøk Den gode feen her, en utrolig herlig blogg!

11 kommentarer:

Unknown sa...

Herlig innlegg:o) Nå skal jeg jammen meg sy meg noen puter, takk så mye ♥
Så jo faktisk ikke så vanskelig ut heller:o)

Klem Line

Moccashusblogg sa...

Hej. kjempe flotte puter og for noen herlige farger =) Klem fra Monica

RA/finetingtingeling sa...

Moro - takk for step-by-step'en Linda! :D

RA/finetingtingeling sa...

Moro - takk for step-by-step'en Linda! :D

MonjaHelene sa...

Så flott innlegg !Bloggen til Linda er kjempeinspirerende og var en av de første bloggene jeg ble kjent med i blogglandia.
Alltid så nydelige bilder og masse inspirasjon.Det er forøvrig Linda sin "skyld" :) at jeg sitter her og vurderer om jeg skal la det stå til og male gulvene hvite...;)
God pinse!:)

Gro aka emrille sa...

Kult! Tror jammen jeg må sy noen puter i helga - har hatt lyst lenge med syens det er så knølete med glidlås - men det trenger jeg jo ikke med denne oppskrifta:)

Tusen takk for inspirasjonen!

Line sa...

Så flott innlegg!! Feen er super kreativ og flink !!

Sveitserhus og rosehage sa...

Så flott! Utrolig fine puter, og kjempefin forklaring. Nå skal jeg jammen meg prøve meg på noen puter jeg også! :)

Unknown sa...

Nice craft room and nice pillows
Mari

Unknown sa...

Nydelig innlegg og nydelig blogg! Den gode feen er virkelig GOD :-)

Tinas Verden sa...

Kjempe stilig!