Denne nettsiden siden har flyttet til Norskeinteriorblogger.no

tirsdag 5. august 2008

Ukens gjesteblogger: Rosa Univers

Velkommen inn i hjarta av Det rosa universet

Ja, for kjøkkenet vert jo ofte kalla sjølve hjartet i huset – staden der alle møtast. Dei som har vore innom bloggen min før har kanskje fått med seg del 1 og del 2 av ein liten føljetong om korleis kjøkkenet mitt vart til. Her kjem eit glimt av det endelege resultatet – sjølvaste drøymekjøkkenet. Huset vårt er frå ca 1920, og var påbygd på 50/60-talet. Me ville ha eit nytt og funksjonellt kjøkken, men som tok opp i seg noko av den gamle stilen. Lenge vurderte me Ståt frå IKEA, men det endelege valget fall på Lidingø, og idag kan eg sjølvsagt ikkje sjå for meg noko anna. Kjøkkeninreiinga kler verkeleg det 28 kvm store rommet!
Det er fantastisk å ha så god plass til å lage mat – god skapplass til alt me treng av koppar og kar, og ikkje minst ein god spiseplass. Men det beste av alt er lyset! I det gamle kjøkkenet hadde me ikkje naturleg lys, sidan det låg midt inni huset. Her har me vindauger på to veggar, og det gjer verkeleg ein forskjell! Det er ikkje få gonger eg har stått og sett på tømmerveggen min, og berre nytt synet av skuggane ettermiddagssola kastar gjennom vindauga. Å sitje å nyte ein roleg sundagsfrokost og kunne nyte utsikta over vatnet er eit privilegium!

Då kjenner me verkeleg at det var verdt det; alle timane med hardt arbeid, alle dei små og store overraskingane som satte oss litt tilbake, all frustrasjonen over fagfolk som lot vente på seg, og fliser som aldri kom. Alle desse tinga var faktisk med på å forme det rommet me har idag, og det ville eg ikkje ha bytta med _nokon_!

Så, om du er i nærleiken av rosa-heimen er du hjarteleg velkommen inn på ein kaffikopp. Og er du ikkje i nærleiken er du minst like velkomen inn i Det rosa universet! Der skal du få sjå mange fleire bilder av drøymekjøkkenet mitt.

Ingen kommentarer: